Faktura

Vi er svært lei oss for problema med fakturering i det siste. Vi har stor forståing for at desse problema kan gje utfordringar for deg som kunde. Særleg i månader der fakturaen inneheld meir enn ein månad med straumforbruk i tillegg til nettleiga. Vi gjer alt vi kan for å unngå at det skal skje fleire slike feil framover.

Vi er ikkje kjent med at fakturabeløpet har vore feil. Problema har vore knytt til tekniske utfordringar i samband med utveksling av data for straumforbruk mellom BKK som netteigar og din straumleverandør og i tillegg i samband med formidling av data frå Elhub. Elhub er ein ny, nasjonal database som alle straum- og nettkundar er registrert i. Elhub inneheld også målepunkt og forbruksdata til alle kundar. Alle straumleverandørar og netteigarar er knytt til Elhub som vart sett i drift i februar i år. Det har vore tekniske utfordringar i samband med oppstarten. Vi håpar at også desse utfordringane no skal vera rydda av vegen.

Dersom du har spørsmål til straumrekninga, ber vi deg ta kontakt med straumleverandør. Dersom du har fått ei straumrekning som er unormalt høg og difor kan vere vanskeleg å betale innan forfallsdato, tek du også kontakt med straumleverandøren din.