Pressemelding fra EEL Sa og BKK

Etne Elektrisitetslag går inn i BKK

Onsdag 23. mai sa eit samrøystes årsmøte i Etne Elektrisitetslag (EEL) ja til ein avtale med BKK som inneber at BKK tek over verksemda til samvirkeføretaket. Etne Elektrisitetslag vert samstundes eigar i BKK med ein eigardel på 0, 35 %.
– For samvirkeføretaket og for Etne-samfunnet inneber avtalen med BKK at vi sikrar lokale arbeidsplassar, verdiskaping og beredskap, samtidig som Etne-samfunnet får redusert nettleiga monaleg. Eg er svært nøgd med avtalen vi har inngått og at eit samrøystes årsmøte sa ja til avtalen, seier dagleg leiar i Etne Elektrisitetslag, Einar Arefjord.

 225 av 225 stemte for avtalen
Etne Elektrisitetslag har vurdert fleire moglege løysingar for å møta krav frå styresmaktene og økonomikrav. I februar i år vedtok styret i EEL å gå i forhandlingar med BKK med intensjon om å koma fram til ein avtale. Avtalen vart presentert og samrøystes vedteken 23. mai av årsmøtet i Etne Elektrisitetslag.

– Eg er glad for at Etne Elektrisitetslag ser det som attraktivt å verta ein del av BKK. Med denne avtalen får BKK dyktige medarbeidarar med god lokalkunnskap i Etne, seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland.
 Sparer 7-8 millionar kroner årleg

Når verksemda til Etne Elektrisitetslag vert integrert i BKK, vil samvirkeføretaket sine ca. 2000 kundar få 3500 kroner lågare nettleige. For heile Etne-samfunnet betyr det 7-8 millionar kroner i årlege sparte kostnader. 

– Dette er ein avtale som styrkjer konkurransekrafta til Etne. Vi får ei av landets lågaste nettleiger noko som gjer at også næringslivet får betre rammevilkår, seier ordførar i Etne kommune, Siri Klokkerstuen.
I prosessen vidare er målet at BKK tek over eigarskapet innan 1. januar 2019.